Framgang Nr 1 2017 | Page 11

Pipelife h ar teke posisjon s om verdsleian de plastrøyr produsen t- og leveran dør. – Godt å vere «HEIME» IGJEN! I februar kom Trond Skogseth attende til Syltbakkan, no som salgs- og marknadsdirektør. Han tykkjer det er godt å vere «heime» igjen. BORTE BRA, HEIME BEST STOR AKTIVITET POSITIVE FRAMTIDSUTSIKTER Sidan han i åra 1997-2007 var fabrikk- direktør i Pipelife Norge, har Trond Skogseth først vore med på offshore-boomen i Rolls-Royce Marine i Brattvåg og sidan farta verda rundt for Normet for å få verdas djupaste gruver til å kjøpe bergsikrings- boltar utvikla ved NTNU. Pipelife Norge har med fabrikkane sine i Surnadal og på Stathelle teke posisjon som verdsleiande plastrøyrprodusent og –leverandør. «Skal utviklinga ingen ende ta», er det nok fleire som føler på, og svaret er som vi alle veit «nei, det vil nok ikkje det». Og vi har stor fokus på utvikling; no i haust vil Pipelife Norge lansere Europas største dobbelt- vegga rør i PP, produsert på Syltbakken. –Pipelife er jo den arbeidsplassen eg har lengst fartstid frå. I tillegg til alle dei gode minna eg har med meg frå sist, så har sjølve hjørnesteinsbedrifta i heimbygda naturleg nok ei særstilling for meg, seier Skogseth, som heile tida har hatt Buhagen og Surnadal som base for pendlar-tilværet sitt. – Dess meir ein reiser finn ein jo ut at vi som bur her oppe i denne fuktige og kalde stein- røysa faktisk er veldig priviligerte. – Og vi har mykje på gang for framtida. Som salgs- og marknadsdirektør er det spennande å kome inn på eit tidspunkt når det er så stor aktivitet i den norske markna- den. Eg er imponert over den posisjonen vi har, og motivert av dei vidare mulegheitene. Skogseth meiner han og Pipelife er medvit- ne om at den posisjonen dei har ikkje kjem av seg sjølv. –Norge, med den høge aktiviteten innan samferdsel og andre sektorar, verkar jo som ei honningkrukke på både nasjonale og europeiske aktørar. Mange ser mulegheiter til å kome inn på dei områda der vi er ster- ke. Vi må heile tida utvikle oss vidare. – Innanfor så godt som alle område ser vi mulegheiter framover. Men vi må fornye oss for å henge med på trendane i tida, mellom anna innanfor digitalisering og berekraft. Men verdiane som har gjeve suksess, går ikkje ut på dato: Å levere kvalitetsprodukt og -service vil ligge i botnen av det vi gjer i dei komande åra òg. Trådlaust vatn eller kloakk er det nok eit stykke fram til … 11