Framgang Nr. 1 2017 | Page 9

Familielykke OG STORE FRAMTIDSPLANAR

Tekst / foto : Jorid J . Aarvåg
Tore Svinvik vaks opp i Svinvika i Surnadal , på garden som ligg idyllisk plassert nær fjorden og det kjente arboretet , som gammalonkelen hans starta på 1940-talet . Garden er det i dag han og kona Kristina som har teke over , men det var langt frå sjølvsagt at det skulle bli slik .
Tore er nummer to i søskenflokken , og akkurat som storebror Ola var han brennsikker på at han ikkje ville heimatt da han først flytta til Trondheim for å studere . For Ola har beslutninga vorte endeleg , medan Tore begynte å sjå annleis på det for nokre år sidan . Ein av dei viktigaste grunnane til det , var framtidsdraumane han og Kristina etter kvart begynte å ha om Svinvika som destinasjon .
Dei møttest på Vårsøg hotell ein kveld i 2011 . Kristina hadde vore kokkelærling på Britannia Hotel i Trondheim , der ho møtte Ida Dønheim og vart « lokka » til jobb i Surnadal .
– Eg planla å vere her eitt år , og eg var veldig klar på at eg ikkje skulle finne meg nokon kar i bygda , ler Kristina . Slik vart det ikkje , Tore dukka opp , og dei vart eit par . Kristina seier ho fort innsåg at ho nok kom til å bli verande i Surnadal lenger enn planlagt , men ho ville ut og utvikle talentet sitt vidare før ho etablerte seg fast i bygda .
Våren 2013 begynte ho derfor som kokk på Arne Brimis Vianvang , og paret starta eit pendlarliv mellom huset dei delte på Nordvik og hybelen til Kristina i Vågå , blanda med lange jobbperiodar i Nordsjøen for Tore .
Kristina beskriv tida på Vianvang som svært lærerik , med Brimi som ein verdifull mentor .
– Eg tenkte ikkje å vere der så lenge heller , men eg treivst så godt , så eg vart der til sommaren 2016 , fortel ho .
Da var Kristina gravid , og ho bestemte seg for at det passa godt å vende nasen tilbake til Nordmøre . Tida på Vianvang avslutta Kristina og Tore med å gifte seg ute ved peisen i eit eventyrbryllup som verken dei og gjestane nokon gong gløymer .
Like før jul i fjor kom dottera Live til verda , og sidan da har familielykka stått i fokus i det gamle huset dei bur i på Nordvik . Snart står flytting for døra , når familien byttar heim med foreldra til Tore og flyttar til Svinvika . Der ligg det an til store endringar i åra som kjem .
– At eg vart kokk var eigentleg litt tilfeldig , eg har ikkje nødvendigvis drøymt om det . Det eg alltid har drøymt om , er å starte noko for meg sjølv , fortel Kristina . Og det har ho tenkt å gjere i Svinvika , der tradisjonell gardsdrift allereie er avslutta med utleigde kvoter og dyrkamark .
Tore og Kristina har lagt planar for ombygging av fjøset , der dei etter kvart vil servere gourmetmåltid til sambygdingar og turistar .
– Eg har ikkje lidenskapen som skal til for å drive gard , så da vil vi heller fremje landbruk på ein annan måte , smiler Tore . Kristina er einig , og drøymer om ein restaurant som brukar lokale leverandørar av råvarer , urter frå arboretet og kanskje egg frå eigne vaktelhøner .
– Eg har eit bilete i hovudet på korleis eg vil det skal bli , med open eld som ein kan grille på og bakaromn . Eg er sjølvsagt veldig inspirert av Vianvang , og eg er sikker på at vi kan få til ein attraksjon i Svinvika slik Arne har gjort på Vianvang . Det har Arne også klokkartru på , smiler Kristina , som er i jamleg kontakt med mentoren Brimi .
Med tida er ønsket å få til eit samarbeid med ein nabogard om overnatting , for å gjere tilbodet enda betre . Eit samspel med arboretet er også noko paret ønskjer , slik at eit besøk i Svinvika kan vare gjennom både dagen og kvelden for gjestane .
Å bevare og vidareutvikle garden er viktig for Tore og Kristina . Stabburet , det eldste huset på garden , er frå 1600-talet , og det er stolte tradisjonar å bygge vidare på i Svinvika . No startar ein lang prosess med byggesøknadar , etablering av finansiering og etter kvart byggeverksemd for å gjere fjøset om til matplass . Paret forhastar seg ikkje , men vel heller å bruke tida dei treng for å få til alt akkurat som dei vil .
– Vi har ikkje sett noko fast mål om når vi skal vere klare . Vi skal planlegge alt ordentleg , og vi skal også ha tid til å nyte tida med Live det første året hennar . Draumen er at vi begge skal kunne skape eit levebrød ut av garden med åra , og garden skal også vere heim for familien vår , seier dei .
Tore – som aldri skulle heim igjen – er trygg på at han har tatt det rette valet , og dei trivst begge svært godt i Surnadal .
– Her finst alt vi treng , og det er ein god plass å vekse opp på . Live var barn nummer 60 som vart fødd i kommunen i fjor , så det er ei positiv utvikling her . Vi ønskjer å gi eit tilbod som ikkje finst i bygda frå før , og bidra til formidling av gamle tradisjonar og gardskultur på ein ny måte , seier Kristina og Tore .
UTPÅGANG / 1 / 2017 9