Framgang Nr. 1 2017 | Page 18

Noregs

FINASTE SKIDAL

Tekst : Jorid J . Aarvåg Foto : Terje Aamodt
Asbjørn Eggebø Næss lever av å køyre på ski , og han er ein viktig pådrivar for å gjere sunndalsfjella kjent i det norske og internasjonale skimiljøet . Området han er aller mest glad i , er Øksendal .
– Det har blitt sagt at Innerdalen er Noregs finaste dal , men da vil eg i alle fall seie at Øksendalen er Noregs finaste skidal ! seier Asbjørn begeistra . Han fortel om sitt første besøk i dalen , og kor glad han vart i området med det same .
– Det var i november for nokre år sidan , og det var mykje snø der , slik at eg med ein gong såg kor fint det ville vere å køyre . Eg vart eigentleg heilt betatt , seier han .
Asbjørn er profesjonell skikøyrar og har levd av lidenskapen sin i mange år . Han har laga fleire skifilmar , og var ein av deltakarane i den populære filmen Supervention 2 , som viser scener frå sunndalsfjella . At det vart filming her , var i hovudsak Asbjørn si forteneste .
Skientusiasten bur på Hjelset med sambuar og to barn , men reiser over heile verda i skisesongen . Sunndalsfjella er eit av favorittområda som ligg nærast geografisk .
18
– Romsdalsfjella er ikkje langt unna Hjelset , men Sunndal kjennest eigentleg enda nærare , for dit kan eg dra utan å ta ferja , seier han .
– Sunndalsfjella er mektige og på mange måtar litt uoppnåelege med mykje vilt ver , dei er høge , det er skredfare og barrikadar . Dei er rett og slett litt vanskeleg å få tak på , og det gjer det ekstra rått , seier Asbjørn om kjærleiken til området .
Han seier at skikøyring er det artigaste han veit , og at han har same tilnærming til skikøyringa i dag som da han var 20 ( i dag er han 37 ).
– Eg treng absolutt ikkje å køyre ein plass det er farleg , det er ikkje det det handlar om . Eg er ofte ute etter område som er visuelt fine , der eg ser at eg kjem til å nyte å køyre ned . Det må ikkje vere risiko og adrenalinkick for meg , fortel han og fortset :
– Eg kan gå opp i lia , bygge eit hopp og hoppe , og eg har akkurat same gleda av det no som da eg var yngre .
Ski er lidenskap , livsstil og levebrød for Asbjørn , som er på ski opp mot 150 dagar i året . Det medfører mykje reising , men han prioriterer heimtraktene så mykje som mogleg . Denne sesongen har han så langt ikkje rukke å besøke sunndalsfjella , men vårskisesongen er berre så vidt i gang , så han reknar med det kan bli høve til det enno .
Frå 30 . mars arrangerer Contrast Adventure den årlege skifestivalen Sunndal Ski Session , eit arrangement også Asbjørn har deltatt på fleire gonger . Han oppfordrar alle til å ta turen til det han beskriv som eit kjempearrangement . Sunndalsfjella er ein draumeplass for skiglade , meiner Asbjørn , ein av områdets viktigaste ambassadørar .