Framgang Nr. 1 2017 | Page 9

Familielykke OG STORE FRAMTIDSPLANAR

Tekst / foto: Jorid J. Aarvåg
Tore Svinvik vaks opp i Svinvika i Surnadal, på garden som ligg idyllisk plassert nær fjorden og det kjente arboretet, som gammalonkelen hans starta på 1940-talet. Garden er det i dag han og kona Kristina som har teke over, men det var langt frå sjølvsagt at det skulle bli slik.
Tore er nummer to i søskenflokken, og akkurat som storebror Ola var han brennsikker på at han ikkje ville heimatt da han først flytta til Trondheim for å studere. For Ola har beslutninga vorte endeleg, medan Tore begynte å sjå annleis på det for nokre år sidan. Ein av dei viktigaste grunnane til det, var framtidsdraumane han og Kristina etter kvart begynte å ha om Svinvika som destinasjon.
Dei møttest på Vårsøg hotell ein kveld i 2011. Kristina hadde vore kokkelærling på Britannia Hotel i Trondheim, der ho møtte Ida Dønheim og vart « lokka » til jobb i Surnadal.
– Eg planla å vere her eitt år, og eg var veldig klar på at eg ikkje skulle finne meg nokon kar i bygda, ler Kristina. Slik vart det ikkje, Tore dukka opp, og dei vart eit par. Kristina seier ho fort innsåg at ho nok kom til å bli verande i Surnadal lenger enn planlagt, men ho ville ut og utvikle talentet sitt vidare før ho etablerte seg fast i bygda.
Våren 2013 begynte ho derfor som kokk på Arne Brimis Vianvang, og paret starta eit pendlarliv mellom huset dei delte på Nordvik og hybelen til Kristina i Vågå, blanda med lange jobbperiodar i Nordsjøen for Tore.
Kristina beskriv tida på Vianvang som svært lærerik, med Brimi som ein verdifull mentor.
– Eg tenkte ikkje å vere der så lenge heller, men eg treivst så godt, så eg vart der til sommaren 2016, fortel ho.
Da var Kristina gravid, og ho bestemte seg for at det passa godt å vende nasen tilbake til Nordmøre. Tida på Vianvang avslutta Kristina og Tore med å gifte seg ute ved peisen i eit eventyrbryllup som verken dei og gjestane nokon gong gløymer.
Like før jul i fjor kom dottera Live til verda, og sidan da har familielykka stått i fokus i det gamle huset dei bur i på Nordvik. Snart står flytting for døra, når familien byttar heim med foreldra til Tore og flyttar til Svinvika. Der ligg det an til store endringar i åra som kjem.
– At eg vart kokk var eigentleg litt tilfeldig, eg har ikkje nødvendigvis drøymt om det. Det eg alltid har drøymt om, er å starte noko for meg sjølv, fortel Kristina. Og det har ho tenkt å gjere i Svinvika, der tradisjonell gardsdrift allereie er avslutta med utleigde kvoter og dyrkamark.
Tore og Kristina har lagt planar for ombygging av fjøset, der dei etter kvart vil servere gourmetmåltid til sambygdingar og turistar.
– Eg har ikkje lidenskapen som skal til for å drive gard, så da vil vi heller fremje landbruk på ein annan måte, smiler Tore. Kristina er einig, og drøymer om ein restaurant som brukar lokale leverandørar av råvarer, urter frå arboretet og kanskje egg frå eigne vaktelhøner.
– Eg har eit bilete i hovudet på korleis eg vil det skal bli, med open eld som ein kan grille på og bakaromn. Eg er sjølvsagt veldig inspirert av Vianvang, og eg er sikker på at vi kan få til ein attraksjon i Svinvika slik Arne har gjort på Vianvang. Det har Arne også klokkartru på, smiler Kristina, som er i jamleg kontakt med mentoren Brimi.
Med tida er ønsket å få til eit samarbeid med ein nabogard om overnatting, for å gjere tilbodet enda betre. Eit samspel med arboretet er også noko paret ønskjer, slik at eit besøk i Svinvika kan vare gjennom både dagen og kvelden for gjestane.
Å bevare og vidareutvikle garden er viktig for Tore og Kristina. Stabburet, det eldste huset på garden, er frå 1600-talet, og det er stolte tradisjonar å bygge vidare på i Svinvika. No startar ein lang prosess med byggesøknadar, etablering av finansiering og etter kvart byggeverksemd for å gjere fjøset om til matplass. Paret forhastar seg ikkje, men vel heller å bruke tida dei treng for å få til alt akkurat som dei vil.
– Vi har ikkje sett noko fast mål om når vi skal vere klare. Vi skal planlegge alt ordentleg, og vi skal også ha tid til å nyte tida med Live det første året hennar. Draumen er at vi begge skal kunne skape eit levebrød ut av garden med åra, og garden skal også vere heim for familien vår, seier dei.
Tore – som aldri skulle heim igjen – er trygg på at han har tatt det rette valet, og dei trivst begge svært godt i Surnadal.
– Her finst alt vi treng, og det er ein god plass å vekse opp på. Live var barn nummer 60 som vart fødd i kommunen i fjor, så det er ei positiv utvikling her. Vi ønskjer å gi eit tilbod som ikkje finst i bygda frå før, og bidra til formidling av gamle tradisjonar og gardskultur på ein ny måte, seier Kristina og Tore.
UTPÅGANG / 1 / 2017 9