Noregs
FINASTE SKIDAL
Tekst: Jorid J. Aarvåg Foto: Terje Aamodt
Asbjørn Eggebø Næss lever av å køyre på ski, og han er ein viktig pådrivar for å gjere sunndalsfjella kjent i det norske og internasjonale skimiljøet. Området han er aller mest glad i, er Øksendal.
– Det har blitt sagt at Innerdalen er Noregs finaste dal, men da vil eg i alle fall seie at Øksendalen er Noregs finaste skidal! seier Asbjørn begeistra. Han fortel om sitt første besøk i dalen, og kor glad han vart i området med det same.
– Det var i november for nokre år sidan, og det var mykje snø der, slik at eg med ein gong såg kor fint det ville vere å køyre. Eg vart eigentleg heilt betatt, seier han.
Asbjørn er profesjonell skikøyrar og har levd av lidenskapen sin i mange år. Han har laga fleire skifilmar, og var ein av deltakarane i den populære filmen Supervention 2, som viser scener frå sunndalsfjella. At det vart filming her, var i hovudsak Asbjørn si forteneste.
Skientusiasten bur på Hjelset med sambuar og to barn, men reiser over heile verda i skisesongen. Sunndalsfjella er eit av favorittområda som ligg nærast geografisk.
18
– Romsdalsfjella er ikkje langt unna Hjelset, men Sunndal kjennest eigentleg enda nærare, for dit kan eg dra utan å ta ferja, seier han.
– Sunndalsfjella er mektige og på mange måtar litt uoppnåelege med mykje vilt ver, dei er høge, det er skredfare og barrikadar. Dei er rett og slett litt vanskeleg å få tak på, og det gjer det ekstra rått, seier Asbjørn om kjærleiken til området.
Han seier at skikøyring er det artigaste han veit, og at han har same tilnærming til skikøyringa i dag som da han var 20( i dag er han 37).
– Eg treng absolutt ikkje å køyre ein plass det er farleg, det er ikkje det det handlar om. Eg er ofte ute etter område som er visuelt fine, der eg ser at eg kjem til å nyte å køyre ned. Det må ikkje vere risiko og adrenalinkick for meg, fortel han og fortset:
– Eg kan gå opp i lia, bygge eit hopp og hoppe, og eg har akkurat same gleda av det no som da eg var yngre.
Ski er lidenskap, livsstil og levebrød for Asbjørn, som er på ski opp mot 150 dagar i året. Det medfører mykje reising, men han prioriterer heimtraktene så mykje som mogleg. Denne sesongen har han så langt ikkje rukke å besøke sunndalsfjella, men vårskisesongen er berre så vidt i gang, så han reknar med det kan bli høve til det enno.
Frå 30. mars arrangerer Contrast Adventure den årlege skifestivalen Sunndal Ski Session, eit arrangement også Asbjørn har deltatt på fleire gonger. Han oppfordrar alle til å ta turen til det han beskriv som eit kjempearrangement. Sunndalsfjella er ein draumeplass for skiglade, meiner Asbjørn, ein av områdets viktigaste ambassadørar.