Framgang Nr. 1 2015 | Page 19

LEVER DRAUMEN P Å Det var ingen tvil om at det måtte bli Nordvik da Karin Åsbø og Nils Håvar Øyås bestemte seg for å flytte til Surnadal. Og dei har ikkje tenkt å reise derifrå igjen. Det fine huset deira på Nordvikstranda, heilt nede ved fjorden, er heimplassen til Karin. Da paret bestemte seg for å flytte frå Trondheim og til Karin sine heimtrakter var det aldri aktuelt å busette seg nokon annan plass i kommunen. Og med utsikt utover fjorden, eit bustadområde i utvikling og gode naboar har paret funne draumeplassen. – Velkomsten vi fekk her var heilt unik, skryt Nils Håvar, som opprinneleg kjem frå Melhus. Han fortel at dei var oppsette på dugnadslister før dei hadde flytta inn, og at dei straks vart inkluderte i det som finst av aktivitet. – Ein blir kjent med folk når ein blir medtvungen på dugnad, ler Nils Håvar, som understreker at det var tvang i ordets beste forstand. Det er ingen tvil om at han har funne seg til rette i nabolaget. – D