Framgang Nr. 1 2014 | Page 15

FORTLØPANDE OPPTAK Barnehagane i Surnadal og Sunndal tek opp ungane fortløpande gjennom året, også utanom hovudopptaka. - Det ordnar seg stort sett alltid når nokon søkjer. Det kan vere litt meir utfordrande å finne plass heilt på tampen av barnehageåret, men sjølv da går det som oftast greitt, fortel Torill Helgetun ved Surnadal kommune. Surnadal har eit hovudopptak i året, medan Sunndal er av dei som har to. Sunndal skil seg også ut ved å ha ein eigen barnehage knytt til Sunndal Asylsøkermottak. Bikuben barnehage er for ungar i alderen 1-6 år med eit anna morsmål enn norsk, med dei spesielle utfordringane som det fører med seg: - Vårt fokus er kommunikasjon og vi nyttar eventyrkoffertar, bokkassar, språkposar og bøker på ulike språk. Det aller meste av dette har vi bygd opp sjølv, fortel styrar Berit Aasen. Bikuben Barnehage har hatt eit særskild ansvar for tospråklege og fleirkulturelle sia 2001, og barnehagesjef Dag Eirik Elgsaas meiner Bikuben ikkje berre har vore viktig for ungane si skuld: - Bikuben barnehage arbeider mot heile familien, også ved at foreldra frigjer tid som kan nyttast til å bli betre introdusert for og integrert i samfunnet utafor mottaket. UTPÅGANG / 1 / 2014 15