Framgang 2, 2018 | Page 9

Lidenskap, livsstil og levebrød Lene Søyseth har gjort lidenskapen til både livsstil og levebrød. Ho følgte draumen om å jobbe med hest og arbeider som hovslagar over heile Midt-Norge. Tekst: Jorid J. Aarvåg Foto: Nathan Lediard – Hest er i grunnen det einaste eg driv med, smiler Lene. Ho bur på Kvanne i Surnadal, eig fleire hestar sjølv og jobbar som hovslagar. Yrket har ei lang og stolt historie, men det er ikkje så mange som utøver kunsten i dag. Sjølv begynte Lene å sko hest nettopp fordi det var vanskeleg å få tak i hovslagar. Ho fann fort ut at ho hadde godt handlag for det, og tok etter kvart dei nødvendige kursa for å kvalifisere seg i faget. No har ho jobba som hovslagar i ti år, og ho har meir enn nok å gjere. – Eg reiser mykje, med kundar i heile Midt-Norge. Rundt Orkanger og Trondheim har eg nokre store stallar som faste kundar, og eg er på reisefot fleire dagar i veka, seier Lene. Ho har hatt hestar frå ho var lita, men trudde at draumen om å leve av dei var urealistisk. Det var derfor eit lykketreff å komme inn i hovslagaryrket, og no går det i hest døgnet rundt for Lene. Ved anledning kjører ho trav- løp sjølv, og ho har nokre travarar som gjer det godt med innleigde, profesjonelle kuskar. Men ho understreker at travhestane berre er hobby. – Dei har kjørt inn eit par hundre tusen i året, men det er jo ikkje ei trygg inntektskjelde, akkurat, det kan like fort bli berre utgift, ler hovslagaren. Lene har godt handlag for gammalt handverk. 9