Framgang 2, 2018 | Page 6

Ein tradisjonsrik travklubb

og aktiv

– Kvinnfolka tar over , smiler John Helge Gravvold . Han snakkar om utviklinga i det tidlegare mannsdominerte travmiljøet . Sjølv er han ei av eldsjelene i Surnadal travklubb , der han har vore ein del av styret i mange år , som leiar og i andre roller .
SURNADAL TRAVKLUBB
Antall medlemmer : Ca . 60 ( klubben ønsker seg flere !)
Fasiliteter : 620 meter bane , solide bommer for oppseling , isolert klubbhus med tilgang til enkelt sanitæranlegg . 1200 meter rettstrekke ( treningsløype ).
Aktivitet : Treninger , både organisert og ad-hoc . Til-start-prosjektet er fast agenda med både kurs og treninger .
Arrangement : En lokal travkjøring i året , arrangerer familiedager og Hestens Dag .
Klubbleder : Anne Line Dørum .
Skann for digitalt innhald
Tekst / foto : Jorid J . Aarvåg
No føyer han seg inn i rekka som ein av « gammelkarrainn » i klubben , sjølv om han er langt frå eldst . Svigerfaren , Ola Skjølsvoll , er 80 og Ola Sylte Heggset er 73 , og ifølgje John Helge er det dei to som kanskje brukar travbanen mest av alle i klubben .
Ivrige gamlekarar til trass , heldigvis er det litt « påfyll » i andre enden også . I styret i travklubben sit det fleire frå den yngre garde , med leiar Anne Line Dørum i spissen . Ho fortel at det i større grad er ønske om å få til ponnitravkjøring og andre familieretta aktivitetar , med eit mål om vidare rekruttering . Fleire av medlemmane i klubben har barn sjølv , som gjerne er med foreldra , så det kjem stadig nye generasjonar inn i travmiljøet i Surnadal .
Travklubben har lange tradisjonar . Han vart stifta heilt tilbake i 1901 , og mange hesteinteresserte har vore med og skapa aktivitet i klubben i dei 117 åra som har gått sidan . Breidda i miljøet er noko av det finaste med travsporten , meiner entusiastane vi snakka med . Her finst kvinner og menn i alle aldrar og folk med all slags bakgrunn .
I Surnadal er det fleire tilflyttarar som har komme inn i miljøet dei siste åra og er med på å ta travklubben vidare . Mange dugnadstimar blir lagt ned på travbanen – som fylte 25 år i fjor – og for å arrangere ulike samlingar , som løp , fellestreningar og Hestens Dag . For nokre år sidan fekk dessutan klubben til å sette i stand ei flott rettstrekning på Sylte , som er mykje bruka til trening . Strekninga vart laga på dugnad med behjelpelege maskinkjørarar og støtte frå velvillige grunneigarar .
Hesteglade entusiastar i alle aldrar i Surnadal travklubb : John Helge Gravvold ( frå venstre ), Ola Sylte Heggset , Elisabeth Engset med Guro på armen og Ane ved sida , Ole Øyen , hesten Faste Maja , Hilde Nordtiller , Ola Skjølsvoll og Anne Line Dørum med Lise Gravvold .
Surnadal travklubb ønskjer seg gjerne fleire medlemmar , og melder om godt samhald og , ikkje minst , svært gode treningsforhold . For hesteinteresserte er travklubben ein plass å møte likesinna og få utløp for interessene sine .
Foto : Ann T . van Tienen Foto : Ann T . van Tienen
6
Travløp på Syltmoen travbane .