Framgang 2, 2018 | Page 26

LIVSKVALITET ved sjøen 15 NYE BOLIGTOMTER MED PANORAMAUTSIKT PÅ NORDVIK Har du lyst til å bu i ei aktiv og inkluderande grend med mange barnefamiliar? Surnadal kommune tilbyr 15 boligtomter på Nordvik med panoramautsikt over Todalsfjorden. Eit privat hyttefelt kjem i nedkant av boligfeltet. Det tek 8 minutt å køyre til skule og barnehage og 15 minutt å køyre til Surnadal sentrum med kulturhus, idrettsarenaer og eit breitt handels- og servicetilbod. Tomtene er romslege og ligg på eit relativt fl att platå. Dei er omlag 1200m2 store, med høve til å bygge vertikaldelte tomannsboligar. Foto: Nathan W. Lediard OMRÅDE: Nordvik i Surnadal kommune (ca. 6000 innbyggarar). SELD SELD SELD TOMTEPRIS: Kr 560 000-630 000, etter storleik. Kommunale tomter er merka med gult. Det er forkjøpsrett på B14 til bygg med leilegheiter. KONTAKT: Håvard Stensønes, Surnadal kommune, Areal- og naturforvaltning Telefon 979 78 216 | E-post [email protected] 26 Tomtene ligg på Øygarden med gode solforhold og nærleik til idyllisk strandsone. Boligfeltet inkluderer felles leikeplass for ungar. Det er plan- lagt småbåthamn med sosial samlingsplass for eit aktivt sjøliv. Området byr på fl otte turmoglegheiter rett utan- for døra. Det er kort veg til høgfjell i Trollheimen, alpinsenter og fl otte rekreasjonsområde.