Framgang 2, 2018 | Page 21

EIT LIVSLANGT FORHOLD TIL BIL Dei fire kompisane frå «øver- bøgda» i Sunndal delte ei stor interesse for bil, skruving og spøling. Det var derfor ingen tvil om kva namn dei skulle kjøre under – det vart sjølvsagt Team Øverbøgda. Tekst/foto: Jorid J. Aarvåg Espen Johansen, Marius Elshaug, Petter Polden og Erlend Bjørnhjell har ingen stor klubb i ryggen når dei reiser land og strand for å drifte på bane. Dei har danna «hobbyklubben» sin sjølv, og saman er dei Team Øverbøgda. Kvartetten kjenner kvarandre frå oppveksten i same område, og deler ei nærast livslang interesse for bil. Denne har etter kvart utvikla seg til eit fellesskap rundt skruving og spøling. – Eller mest skruving, da, som Marius påpeikar. Han får støtte frå dei andre her, Erlend anslår at 90 % av hobbyen går i skruving. Skruvinga gjer karane på kvar sin bil i kvar sin garasje, men nokre gonger i året samlar dei seg og reiser som Team Øverbøgda til bilarrangement nesten landet rundt. Dei må langt for å finne banar å ta ut denne interessa på, med omtrent fire timars reiseveg til dei to næraste banane på Frøya og i Verdal. Da vi besøkte gjengen, var dei i ferd med å klargjere bilane til ein enda lengre tur, til Mo i Rana. På eit godt år kan det bli 6-7 reiser til ulike biltreff – og no har teamet investert i campingvogn saman, til bruk på turane. På arrangementa møter karane likesinna, men fortel at det er mange som er p å treff utan bil også. – Det er fest til langt på natt, men vi som skal gjennom promillekontroll for kjøring dagen etter, bryr oss ikkje så mykje om den delen, seier Espen. Det er spølinga som tel for denne gjengen, det gjeld å slite ut nokre dekk i løpet av ei helg. Det ligg mange arbeidstimar bak Espens strøkne Datsun. Det hendar at det blir verre slitasje enn som så også, bilane kjem ikkje alltid tilbake frå treff i same stand som dei reiste i. – Eg trefte ein betongvegg med bakenden for ei stund sidan, da var det ikkje botvon i bilen, fortel Petter. Sjølv kom han frå det utan ei skramme, og karane legg vekt på at hobbyen er trygg på trass av delvis stor fart og enkelte krasj. – Kor mange timar er det i ei veke? spør gjengen retorisk, før dei kjem fram til at dei i alle fall må trekke frå 37,5 for arbeidsveka. Resten av tida blir stort sett bruka i garasjen. – Det er triveleg å sitte med kaffekoppen og sjå på bilen, veit du, gliser Marius. – Å sitte der og sjå på alt ein skulle skruva på! – Vi har fire- eller sekspunktsbelte og bur, og det er teknisk kontroll på bilane før kjøring, så vel som promillekontroll. Dette er vel den tryggaste bilkjøringa vi gjer, meiner Espen. – Det kjem aldri motgåande trafikk på banen, smiler Marius. – Da er det i så fall noko veldig feil! Skann for digitalt innhald For denne gjengen er bil vel så mykje livsstil som hobby, og dei tør ikkje anslå kor mange timar dei brukar på bilane. 21