Lidenskap,
livsstil og levebrød
Lene Søyseth har gjort lidenskapen til både livsstil og levebrød.
Ho følgte draumen om å jobbe med hest og arbeider som hovslagar over heile Midt-Norge.
Tekst: Jorid J. Aarvåg Foto: Nathan Lediard
– Hest er i grunnen det einaste eg driv med,
smiler Lene. Ho bur på Kvanne i Surnadal, eig
fleire hestar sjølv og jobbar som hovslagar.
Yrket har ei lang og stolt historie, men det er
ikkje så mange som utøver kunsten i dag.
Sjølv begynte Lene å sko hest nettopp fordi
det var vanskeleg å få tak i hovslagar. Ho fann
fort ut at ho hadde godt handlag for det, og
tok etter kvart dei nødvendige kursa for å
kvalifisere seg i faget. No har ho jobba som
hovslagar i ti år, og ho har meir enn nok å
gjere.
– Eg reiser mykje, med kundar i heile
Midt-Norge. Rundt Orkanger og Trondheim
har eg nokre store stallar som faste kundar, og
eg er på reisefot fleire dagar i veka, seier Lene.
Ho har hatt hestar frå ho var lita, men trudde
at draumen om å leve av dei var urealistisk.
Det var derfor eit lykketreff å komme inn i
hovslagaryrket, og no går det i hest døgnet
rundt for Lene. Ved anledning kjører ho trav-
løp sjølv, og ho har nokre travarar som gjer det
godt med innleigde, profesjonelle kuskar. Men
ho understreker at travhestane berre er hobby.
– Dei har kjørt inn eit par hundre tusen i året,
men det er jo ikkje ei trygg inntektskjelde,
akkurat, det kan like fort bli berre utgift, ler
hovslagaren.
Lene har godt handlag for gammalt handverk.
9