Framgang 2, 2018 | Page 6

Ein tradisjonsrik travklubb

og aktiv

– Kvinnfolka tar over, smiler John Helge Gravvold. Han snakkar om utviklinga i det tidlegare mannsdominerte travmiljøet. Sjølv er han ei av eldsjelene i Surnadal travklubb, der han har vore ein del av styret i mange år, som leiar og i andre roller.
SURNADAL TRAVKLUBB
Antall medlemmer: Ca. 60( klubben ønsker seg flere!)
Fasiliteter: 620 meter bane, solide bommer for oppseling, isolert klubbhus med tilgang til enkelt sanitæranlegg. 1200 meter rettstrekke( treningsløype).
Aktivitet: Treninger, både organisert og ad-hoc. Til-start-prosjektet er fast agenda med både kurs og treninger.
Arrangement: En lokal travkjøring i året, arrangerer familiedager og Hestens Dag.
Klubbleder: Anne Line Dørum.
Skann for digitalt innhald
Tekst / foto: Jorid J. Aarvåg
No føyer han seg inn i rekka som ein av « gammelkarrainn » i klubben, sjølv om han er langt frå eldst. Svigerfaren, Ola Skjølsvoll, er 80 og Ola Sylte Heggset er 73, og ifølgje John Helge er det dei to som kanskje brukar travbanen mest av alle i klubben.
Ivrige gamlekarar til trass, heldigvis er det litt « påfyll » i andre enden også. I styret i travklubben sit det fleire frå den yngre garde, med leiar Anne Line Dørum i spissen. Ho fortel at det i større grad er ønske om å få til ponnitravkjøring og andre familieretta aktivitetar, med eit mål om vidare rekruttering. Fleire av medlemmane i klubben har barn sjølv, som gjerne er med foreldra, så det kjem stadig nye generasjonar inn i travmiljøet i Surnadal.
Travklubben har lange tradisjonar. Han vart stifta heilt tilbake i 1901, og mange hesteinteresserte har vore med og skapa aktivitet i klubben i dei 117 åra som har gått sidan. Breidda i miljøet er noko av det finaste med travsporten, meiner entusiastane vi snakka med. Her finst kvinner og menn i alle aldrar og folk med all slags bakgrunn.
I Surnadal er det fleire tilflyttarar som har komme inn i miljøet dei siste åra og er med på å ta travklubben vidare. Mange dugnadstimar blir lagt ned på travbanen – som fylte 25 år i fjor – og for å arrangere ulike samlingar, som løp, fellestreningar og Hestens Dag. For nokre år sidan fekk dessutan klubben til å sette i stand ei flott rettstrekning på Sylte, som er mykje bruka til trening. Strekninga vart laga på dugnad med behjelpelege maskinkjørarar og støtte frå velvillige grunneigarar.
Hesteglade entusiastar i alle aldrar i Surnadal travklubb: John Helge Gravvold( frå venstre), Ola Sylte Heggset, Elisabeth Engset med Guro på armen og Ane ved sida, Ole Øyen, hesten Faste Maja, Hilde Nordtiller, Ola Skjølsvoll og Anne Line Dørum med Lise Gravvold.
Surnadal travklubb ønskjer seg gjerne fleire medlemmar, og melder om godt samhald og, ikkje minst, svært gode treningsforhold. For hesteinteresserte er travklubben ein plass å møte likesinna og få utløp for interessene sine.
Foto: Ann T. van Tienen Foto: Ann T. van Tienen
6
Travløp på Syltmoen travbane.