EIT LIVSLANGT
FORHOLD TIL
BIL
Dei fire kompisane frå «øver-
bøgda» i Sunndal delte ei stor
interesse for bil, skruving og
spøling. Det var derfor ingen
tvil om kva namn dei skulle
kjøre under – det vart sjølvsagt
Team Øverbøgda.
Tekst/foto: Jorid J. Aarvåg
Espen Johansen, Marius Elshaug, Petter Polden
og Erlend Bjørnhjell har ingen stor klubb i
ryggen når dei reiser land og strand for å drifte
på bane. Dei har danna «hobbyklubben» sin
sjølv, og saman er dei Team Øverbøgda.
Kvartetten kjenner kvarandre frå oppveksten i
same område, og deler ei nærast livslang
interesse for bil. Denne har etter kvart utvikla
seg til eit fellesskap rundt skruving og spøling.
– Eller mest skruving, da, som Marius påpeikar.
Han får støtte frå dei andre her, Erlend anslår at
90 % av hobbyen går i skruving.
Skruvinga gjer karane på kvar sin bil i kvar
sin garasje, men nokre gonger i året samlar
dei seg og reiser som Team Øverbøgda til
bilarrangement nesten landet rundt. Dei må
langt for å finne banar å ta ut denne interessa
på, med omtrent fire timars reiseveg til dei to
næraste banane på Frøya og i Verdal. Da vi
besøkte gjengen, var dei i ferd med å klargjere
bilane til ein enda lengre tur, til Mo i Rana. På
eit godt år kan det bli 6-7 reiser til ulike biltreff
– og no har teamet investert i campingvogn
saman, til bruk på turane.
På arrangementa møter karane likesinna, men
fortel at det er mange som er p å treff utan
bil også. – Det er fest til langt på natt, men vi
som skal gjennom promillekontroll for kjøring
dagen etter, bryr oss ikkje så mykje om den
delen, seier Espen.
Det er spølinga som tel for denne gjengen, det
gjeld å slite ut nokre dekk i løpet av ei helg.
Det ligg mange arbeidstimar bak
Espens strøkne Datsun.
Det hendar at det blir verre slitasje enn som så
også, bilane kjem ikkje alltid tilbake frå treff i
same stand som dei reiste i.
– Eg trefte ein betongvegg med bakenden for
ei stund sidan, da var det ikkje botvon i bilen,
fortel Petter. Sjølv kom han frå det utan ei
skramme, og karane legg vekt på at hobbyen
er trygg på trass av delvis stor fart og enkelte
krasj.
– Kor mange timar er det i ei veke? spør
gjengen retorisk, før dei kjem fram til at dei
i alle fall må trekke frå 37,5 for arbeidsveka.
Resten av tida blir stort sett bruka i garasjen.
– Det er triveleg å sitte med kaffekoppen og
sjå på bilen, veit du, gliser Marius. – Å sitte der
og sjå på alt ein skulle skruva på!
– Vi har fire- eller sekspunktsbelte og bur, og
det er teknisk kontroll på bilane før kjøring,
så vel som promillekontroll. Dette er vel den
tryggaste bilkjøringa vi gjer, meiner Espen.
– Det kjem aldri motgåande trafikk på banen,
smiler Marius. – Da er det i så fall noko veldig
feil!
Skann for
digitalt innhald
For denne gjengen er bil vel så mykje livsstil
som hobby, og dei tør ikkje anslå kor mange
timar dei brukar på bilane.
21