Framgang 2, 2018 | Page 17

På Utigard Kvennset i Todalen har familien Longva Kvendset hatt ein spesielt spennande vår og sommar. Nytt fjøs har vorte bygd, med mjølkerobot og det nyaste av teknologi, som tek bruket inn i framtida og gir familien ein meir fleksibel kvardag. Hallvard Longva Kvendset vil bli 14. generasjon gardbrukar på Utigard Kvennset når han tek over drifta. I dag er det foreldra, Olaug Kvendset og Asgeir Longva, som eig og driv garden, og planen er at Hallvard skal ta over i løpet av dei neste fem åra. Uansett når det blir, reknar familien med at det blir ein glidande overgang, og garden kjem til å vere ei familiebedrift da, som no. Hallvard jobbar i dag i DNB i Trondheim, men er involvert i drifta av heim- garden i stor grad. Han ser fram til å ta over garden og føre tradisjonane vidare. Bruket har dokumentert historie tilbake til 1645, og er truleg enda eldre. Når Hallvard tek over, blir han Hallvard «den sjette». Dei fleste generasjonane har det vore annakvar Hallvard og Ola på garden – med ei Olaug i foreløpig nest siste ledd. fram til ein meir fleksibel kvardag med auto- matisert drift. Med robot i fjøset går mykje av seg sjølv, og den som driv garden er ikkje like bunden til fast fjøstid som før. Bestefar Hallvard bur også på garden – han er 87 år gammal i år, og følgjer spent med på utbygginga. Olaug fortel at faren gler seg stort til nyfjøset står klart. BRUKAR RESSURSANE – Alle helger og feriar dette året har eg vore heime og jobba, men det er slik det skal vere. Det er jo avveksling, sjølv om det ikkje er fri, akkurat, smiler Hallvard. EIT FAMILIEPROSJEKT Foreldra, Hallvard og søskena hans er alle med og dreg lasset når det blir bygd nytt fjøs – i tillegg til gode samarbeidspartnerar. Yngste- son Åsmund har gjort grunnarbeidet gjennom eige, nystarta firma, Vangstad har støypt og Woodcon har sett opp bygget. Familien har valt konstruksjonar i limtre og massivt tre. Det var heilt bevisst på grunn av både funksjon og utsjånad. Olaug fortel at det vil vere auto- matisk regulering av lys, lufting og temperatur i fjøset, slik at forholda er optimale for dyra til alle årstider og tid på døgnet. Når fjøset står klart i desse dagar, er det rundt 30 mjølkekyr som flyttar inn. Det er plass til fleire på sikt dersom familien får utvida kvotene. Det betyr at dyra har god plass, og dyrevelferden er høg. Det er eit viktig aspekt i planane om utviding, fortel Hallvard. Olaug og bestefar Hallvard følgjer med når mjølkeroboten kjem på plass. NY TEKNOLOGI Med det nye fjøset kjem avansert teknologi, som held dei daglege prosessane i gang. Teknologien gir informasjon og «hjelp» til å identifisere potensielle problem, mellom anna gjennom analyse av mjølka, der ein får fortløpande data på protein, feitt og celletal. Dersom mjølk med dårlege tal går gjennom systemet, blir den sendt i ein eigen behaldar, og systemet sender varsel om mistanke om sjukdom blant dyra. – Dersom noko er gale med ei ku, kan vi ha dyrlege her på 20 minutt. Dersom eg er sjuk, har eg minst to timars reiseveg til sjukehus, seier Hallvard med eit smil. Han og foreldra ser – Meir fritid blir det vel ikkje, men det blir tid til å gjere andre ting som må gjerast, seier Asgeir. Familien ønskjer å bruke ressursane på garden på nye måtar. Saman med Anders Gjeldnes planlegg Olaug å starte meieridrift i ein del av den nye driftsbygninga, med produksjon av mellom anna g ammalost og yoghurt. Gamle Todalen meieri var kjent for å lage god gammalost, og mattradisjonane frå setrene og meieriet vil bli ført vidare i Utigarden. Familien Longva Kvendset har alltid vore opptatt av å bruke ressursane rundt seg godt – Asgeir var ein av dei som starta kraftverket i Rossåa i 2010. I dag forsyner det vover 1000 husstandar med straum. I tillegg til eiga jord, leiger familien jord frå andre gardar. Det er dei svært takknemlege for å ha høve til, for det er ressurskrevjande å drive eit mjølkebruk. I år har tørka vore ei utfordring for mange bønder, men på Utigard Kvennset har dei heldigvis berga utan å måtte slakte dyr. Familien meiner det er viktig å sjå framover. Med ny driftsbygning på 640 kvadratmeter, mjølkekvote på 275.000 liter og roboten i full drift, er dei godt rusta til å starte ein ny kvar- dag. Hallvard seier han ser lyst på framtida. – Vi har bygd ut til eit moderne fjøs som gir eit betre miljø for dyra, og eg ønskjer vidare vekst og utvikling på garden. Eg ser berre mogleg- heiter, smiler Hallvard den sjette. Olaug, Asgeir, Hallvard og Åsmund har lange og spennande dagar med bygging av nytt fjøs på Utigard Kvennset. 17