Framgang 1, 2018 | Page 29

LIVSKVALITET ved sjøen 15 NYE BOLIGTOMTER MED PANORAMAUTSIKT PÅ NORDVIK Har du lyst til å bu i ei aktiv og inkluderande grend med mange barnefamiliar? Surnadal kommune tilbyr 15 boligtomter på Nordvik med panoramautsikt over Todalsfjorden. Tomtene ligg på Øygarden med gode solforhold og nærleik til idyllisk strandsone. Boligfeltet inkluderer felles leikeplass for ungar. Det er plan- lagd småbåthamn med sosial samlingsplass for eit aktivt sjøliv. Eit privat hyttefelt kjem i nedkant av boligfeltet. Området byr på fl otte turmoglegheiter rett utan- for døra. Det er kort veg til høgfjell i Trollheimen, alpinsenter og fl otte rekreasjonsområde. Det tek 8 minutt å køyre til skule og barnehage og 15 minutt å køyre til Surnadal sentrum med kulturhus, idrettsarenaer og eit breitt handels- og servicetilbod. Tomtene er romslege og ligg på eit relativt fl att platå. Dei er omlag 1200m2 store, med høve til å bygge vertikaldelte tomannsboligar. Foto: Nathan W. Lediard OMRÅDE: Nordvik i Surnadal kommune (ca. 6000 innbyggarar). TOMTEPRIS: Frå kr 560 000- 630 000, etter storleik. Kommunale tomter er merka med gult. Det er forkjøpsrett på B14 til bygg med leilegheiter. KONTAKT: Håvard Stensønes, Surnadal kommune, Area l- og naturforvaltning Telefon 979 78 216 | E-post [email protected] 29