Festivalavis 2014 jun. 2014 | Page 26

bjørnsonfestivalen the norwegian festival of international literature Molde og Nesset 27. - 31. august 2014 Konserter og forestillinger: 200 år på to timar Med utgangspunkt i Grunnlovsjubileet har forfattar og journalist Linda Eide og pianisten Sjur Hjeltnes skrive ei annleis særoppgåve i historie. Framsyninga av den er ikkje nødvendigvis eksamensrelevant, men burde sjølvsagt vore pensum, ifølgje dei to. Her famnar dei kvardagens hendingar og sper på med musikalske nummer. Alt frå Melodi Grand Prix til Grieg. «Kva har eigentleg prega oss nordmenn og laga samtalane våre?», spør dei to. Dei kvir seg ikkje for å gi innføringa av blokkfløyta like stor plass som oljefunn i Nordsjøen, og den fyrste homoen på Voss vakte utvilsamt like stor oppsikt som månelandinga. Og fryseboksen sitt inntog i dei norske heimane, var ikkje det ei større hending for folk flest enn Roald Amundsen sine polferder? Eide og Hjeltnes vil vise enda fleire ukjende høgdepunkt i ei historieundervisning som er like sann og like fantastisk som den ein får i skulen, men mykje, mykje artigare. FREDAG 29.08 KL. 21.30 - 23.30 LØRDAG 30.08 KL. 11.00 - 13.00 TEATRET VÅRT, pris: kr. 250/200,- The Heidersmenn Visekongen Stein Torleif Bjella, forfatter Frode Grytten og forfatter og musiker Pedro Carmona-Alvarez på samme scene! Alle tre tilhører både poesiens og musikkens verden og bygger stadig nye broer mellom kunstformene. Sammen med musiker Einar Sogstad har de tatt navnet The Heidersmenn, og på Bjørnsonfestivalen vil de dykke ned i hverandres verker, gi oss sine inntrykk og tolkninger og en helt spesiell litterærmusikalsk opplevelse. ONSDAG 27.08 KL. 22.30 - 23.30 TEATRET VÅRT, pris: kr. 200/150 ,- 26