AUDIOphile No.1 | Page 58

Test - Vinyl spelar. Dynavector DV 10x5: Her kan du velje mellom rett i MM-inngangen, eller MC der du tilpassar 1 mV og 47 kOhm. Rask prøving førte til at eg ville bruke MM-inngangen til denne high output-MCsaken. Det fungerte veldig greitt, såpass at eg ikkje gadd ta jobben med å endre dipswitchane på MC-inngangen til lågare gain. Dei klanglege eigenskapane var heilt fine, meir lineært enn gamle 103, men dynamikken var ikkje så overveldande. Frekvensekstremane var nok også meir korrekte, slik at du fekk høyre litt meir luft og romoppleving oppover i diskanten, dessutan slapp eg å bruke subsonisk filter – armmatchen var nok betre her. Men skal eg vere heilt ærleg sakna eg safta i dynamikken som kjem så veldig godt fram på konvensjonelle MC-pickupar i den andre inngangen. Til gjengjeld kunne eg kose meg med perspektiveigenskapar som Denon 103 ikkje er i stand til å formidle. Og detaljane – denne billegaste pickupen frå Dynavector er kjend for å vere ok, men ikkje meir enn det innan denne idretten. Eg har ikkje høyrt DV10x5 så detaljert og oppløyst nokon gong. Men dette er ein pickup som stort sett klarer seg godt saman med det meste. Eg måtte prøve noko meir krevjande for å finne ut heile potensialet til dette riaatrinnet. Accuphase AC 1: Nede i pickupskuffa mi har eg ein sjeldan godbit. Litt meir romantisk klang enn den velkjende AC 2, EAT E-GLO og noko korpulent i mellombassområdet, men med eit fantastisk lydbilde, og trass alt likevel nøytral og oppløyst nok til å ha vore min favoritt i nokre år attende på 70- og 80-talet. Det som har berga denne gamle pickupen frå å slitast ut (han har vel knapt 5 – 600 timar på nakken, trass sine snart 40 år), er ugudeleg lågt utgangsnivå, berre 0,2 mV. Okei, eg har prøvd nokre riaatrinn som har takla dette opp gjennom åra, men aldri eigd eitt av desse. Overtydd om at det bør vere ein rørkonstruksjon som forsterkar pickupsignalet i mitt anlegg, har ikkje funne nokon rør-riaa som har greidd å gjere dynamikken skikkeleg levande. Det næraste eg har kome har vore transistorbasert, så då har eg heller funne ein litt kraftigare pickup (brukte lenge VdH) og spelt på anna utstyr. Så det er alltid med visse forventningar eg riggar opp AC 1. Etter å ha gjort unna dei nødvendige justeringane gjorde eg klar Supertramp ”Even in the Quitest Moments” i japansk, audiofil pressing. Her er det massevis av rominformasjon og perspektiv av både realistisk og ganske surrealistisk slag. Og dynamiske nyansar. Ganske som forventa var lydbildet fantastisk. Men dynamikken var ikkje heilt slik eg hadde håpa på. Det sy