AUDIOphile No.1 | Page 54

Test - Vinyl 9TS, hadde eg også fleire andre pickupar på besøk, mellom desse fleire svært så legendariske og eksotiske. Såleis er det lett å påpeike spesialitetane til ”billegsaken” frå Ikeda. Og her vil eg fyrst og framst skryte av lydbildet. Dette er djupt tredimensjonalt, og ganske vidstrakt - massevis av rom på scena, noko som både kjem innspelingar med visesong så vel som symfoniske verk til gode. Du må ha gode innspelingar for å ha skikkeleg utbytte av dette, som til dømes Cornelis sine tidlege album, RCA sin LSC-serie med klassisk musikk, eller EMI sine flottaste verk frå 70-talet. Samanliknar du med innspelingar som er gode på andre måtar, vil du høyre også dynamiske kvalitetar på ein utmerka måte. Å spele Sheffield Records sine direktegraverte innspelingar kjem i høgste grad til sin rett. Dynamikken på Harry James er svært imponerande. Så trass i eit ganske markant særpreg, er 9TS ein god allroundar, som passar til veldig mykje av musikken eg til vanleg spelar. Trass i at anlegg mitt ikkje er spesielt pinpointande, har eg all grunn til å tru at 9TS kjem til å gjere ein kjempejobb også på dette feltet, så det er eit trygt kjøp om du er glad i slik formidling. Når det gjeld rillestøy, er 9TS betre enn gjennomsnittet, om enn ikkje så taus som Koetsu Black. Men det må vere lov Ikeda 9ts pickup å forvente såpass når du skal betale 16 kkr for vedunderet. Heed Quasar Test - Vinyl Heed Quasar - kompakttest Konklusjon Eg har ikkje fått sjansen til samanlikne Ikeda 9TS med sine dyrare slektnngar, som er inntil fire gongar dyrare. Det eg les meg fram til om desse, er at dei har lågare output, nålefane av meir eksotisk materiale enn aluminium, og avanserte nåleslipingar. Det ville vere rart om dei såleis ikkje kunne by på endå betre lyd. Eg har også fått gjort direkte samanlikning med ”gamlefar” Fidelity Research MC 201. Veldig god på tredimensjonalitet denne også, og ganske flott dynamikk. Men meir ”inneklemt” når det gjeld klang. Det er ingen tvil om at 9TS kan forsvare eit mellomlegg til ein tretti år eldre slektning. Denne svære, gr