AMNYTT amnytt.no 2/2021 | Page 30

30 / 94

maskineringsfabrikk . Dette er ein idé me har arbeidd med heilt sidan starten . No har me fått Kaspo Holding med på eigarsida , noko som styrkar oss . I tillegg trur Innovasjon Noreg på prosjektet vårt og støttar det med naudsynt kapital , fortel dagleg leiar Kurt Magne Kvernøy .
Lokalutvikla teknologi Mykje maskineringsarbeid i Noreg er « flagga ut » til lågkostland dei seinare åra . Det ynskjer me å gjera noko med . Me nyttar teknologi som er utvikla her i Sunnhordland saman med dyktige partnarar . Me ynskjer ikkje å produsere komponentar sjølve men å styrke norske produksjonsbedrifter si konkurranseevne , seier Kvernøy vidare . Den spesialdesigna fabrikken vil trenge omlag 150 kvadratmeter . Målsetnaden er å hauste erfaringar frå prototypefabrikken og lage fleire etter same lest på sikt . Denne veka har me bestilt komponentane til fabrikken . I løpet av 2021 skal fabrikken vere « oppe å gå ». Endeleg plassering har me enno ikkje bestemt , men me ynskjer aller helst å plassere den her i vår region .
AMNYTT NR . 2 2021
Mange og gode medspelarar Sunnhordland Technologies har bevisst bygd nettverk med lokal industri i Sunnhordland , Rubbestadneset VGS og Høgskulen på Vestlandet undervegs , og det er etablert relasjon til Sintef og Norsk Katapultsenter siste året . - Me er del av Atheno sin inkubator . Det har vore ein døropnar for oss både mot industribedrifter , andre innovasjonsbedrifter i inkubatoren , investorar , forskingsmiljø og virkemiddelapparatet . Å lande eit slikt prosjekt krev gode sparringpartnarar , investorar og finansielle støtteordningar , slår Kvernøy fast . Inkubatorleiar Kjetil Djuve i Atheno har følgt Sunnhordland Technologies sidan starten . Gründerane i Sunnhordland Technologies er flinke til å tileigne seg kunnskap og til å fokusere på det som er hovudsatsinga til bedrifta . I tillegg er dei flinke til å spele kvarandre gode . Eit velfungerande team er heilt avgjerande for å lukkast . Noko eg trur dei vil gjere ! Sunnhordland Technologies ynskjer no å komme i kontakt med selskap i regionen som kan ha interesse om å høyre meir om den autonome fabrikken , enten som framtidig kunde eller investor . - Vi takkar alle som har støtta oss så langt og ser veldig frem til å komme i gang med prosjektet nå i november , avsluttar Kurt Magne Kvernøy .