Amfi Kreativ Vårmagasin 2019 | Page 26

NYE BOLIGTOMTER I SURNADAL: Bygg huset du har drøymt om Byggeaktivitet i Grytå. AS Bredesen Graving & Transport frå Sunndal bygger infrastrukturen, og dei vil vere ferdig med jobben til sommarferien. Surnadal kommune har nettopp lagt ut 10 sentrumsnære tomter for sal, der du kan bygge huset du har drøymt om – med flott utsikt og gode solforhold. Det har vore populært å bygge i Surnadal dei siste åra, med mange nye eineboliger og leilegheitsbygg oppført fleire stader i kommunen. Dei eksiste- rande sentrumsnære boligfelta er tilnærma fulle, og det er derfor eit behov for fleire sentrumsnære tomter i kommunen. Noko av behovet har vorte dekt gjennom utbyggsavtalen kommunen har med private grunneigarar i Svartvassområdet, og i år blir det mogleg å kjøpe kommunale tomter i sentrums- nære «Grytå 2». Rådmann Knut Haugen i Surnadal kommune er godt fornøgd med å kunne presentere 10 nye tomter vest i Grytåfeltet. Tomtene ligg flott til med enkel tilkomst, utsikt over bygda og gode solforhold. Tomtene ligg no ute for sal, og kommunen ventar at feltet blir fylt i løpet av 2-3 år. På sikt finst det gode moglegheiter for vidare utvikling av området. Det kan 26 bli aktuelt med ein ny gang- og sykkelveg i «lia» mellom Grytå og Sætergarden, som vil gi kortare veg frå boligfelta i Grytå og Grimsmomarka til t.d. Syltøran stadion. Dette prosjektet ligg eit stykke fram i tid, og krev tett samarbeid mellom kommunen og aktuelle grunneigarar, så vel som ny/ endra reguleringsplan, for å kunne realisere det. Haugen fortel vidare om planer om utvikling av eit boligfelt på Bølandet i Bøfjorden, og utviding av feltet på Holtamoen i Øvre Surnadal. På desse to felta skal infrastrukturen vere tilrettelagt seinast våren 2020. – Vi er opptatt av å tilrettelegge og investere i boligområde i takt med etterspørselen, og vurderer dette fortløpande etter kvart som talet på ledige tomter og nivå av interesse endrar seg, seier han. – På lengre sikt håpar vi å utvide felt i Todalen, Stangvik og Kvanne, i tillegg til at vi ønskjer å etablere eit større boligfelt i området Høgberget/Øyegardslia. Alle desse prosjekta krev vidare arbeid med regulering, grunn- kjøp og finansiering før vi kan legge konkrete planer, fortel rådmannen. DET FINST LEDIGE TOMTER i desse boligfelta i Surnadal kommune: Grimsmomarka, Grytå, Nistutrøa, Stormyra 1, Glærem, Holtamoan i Øvre Surnadal, Bølandet i Bøfjorden, Gjerdahaugen i Bæverfjord, Nordvik, Flathauan i Todalen, Stenbergsgeilen på Melhus, Tromyrhauan i Stangvik, Kråkhaugen på Kvanne (privat utbygging). På kommunen sine nettsider finn du meir informasjon om desse tomtene. VIL DU KJØPE TOMT - eller treng du meir informasjon? Kontakt avd. for areal- og naturforvaltning v/Håvard Stensønes Telefon 979 78 216 E-post: [email protected] Du finn også mykje informasjon på surnadal.kommune.no