g
n
i
n
m
e
t
s
r
V i å Surnadal
Bjørnstjerne Bjørnsons dikt «Jeg velger meg april» er eit nydeleg vårdikt,
som får ordføraren i vårstemning. Eg vel meg gjerne både april, mai og
juni, og ser med glede korleis vi alle no kryr ut på verandaen og i hagen.
Etter kvart som våren får tak, tek vi i bruk fjøra og sjøen, båtlivet startar
for mange, medan andre nyt dei siste toppturane på ski før snøen
forsvinn frå fjellet.
Her i Surnadal har vi bedrifter med eit rikt utval av varer og tenester som passar alle vårlege aktivitetar –
enten det er hytteliv, hagearbeid eller oppussing som står på planen denne sesongen.
Å sjå blomstringa, både i hagen og ute i villare natur, er noko av det aller beste med våren. Sjølv tykkjer eg
ikkje det finst noko finare enn å leite i solvendte bakkar etter den første gråsymra – eller seier du kvitsymre
eller kvitveis? Når eg kjenner varmen frå sola og høyrer det knitrar i sprøtt lauv som går sund i det eg kostar
det til sides for å sjå etter spirane, og når eg finn dei første små, nikkande hovuda av fine, kvite blomster…
Det er sjølve essensen av vårstemning for meg.
Surnadal
har mykje
å by på!
Det blomstrar hos blomsterutsala også. Det er fint og freistande å sjå alle dei flotte fargane hos Surnadal
Blomster, Hageland og daglegvarebutikkane. Hugs dessutan at du kan bestille blomster til alle anledningar
hos Orkideen, sjølv om dei ikkje har butikkutsal. Vi i kommunen sørgjer for blomstring i sentrum, så finn
deg gjerne ein benk og set deg for å nyte våren og sommaren. Veit du at vi har ein fin, planteskjerma park-
plass ved gangfeltet ned til Nordmøre folkehøgskule? Ta turen og sjå, og kjenn lukta av buskar og tre, jord
og blomster. Det er nesten som terapi å rekne.
Til sommaren blir det Vårsøghelg, Laksedagar, Bøfjordhelg, Todalsdag og mykje meir. Ta med venner på
desse trivelege arrangementa, og vis dei gjerne rundt i kommunen vår! Ein tur på Roparen, Kleiva eller
rundt Svinvikrunden er like lettvint og tilgjengeleg som det er fint. Sommaren er også sesong for fotball og
anna idrett. Eg vil nytte høvet til å rose alle dei gode prestasjonane som idrettsutøvarane i kommunen har
stått for i vinter, samtiding som eg ønskjer sommarutøvarane lykke til!
Til slutt vil eg oppfordre alle til å bruke lokale butikkar til handel og samvær. Saman skapar vi gode møte-
plassar på kafear, i butikkar og i og rundt kulturhuset vårt.
Nyt surnadalssommaren om du er fastbuande eller turist. Eg ønskjer alle ein god vår og sommar!
Beste helsing
Lilly Gunn Nyheim
Ordførar
2