Nysgjerrig på framtida
Margrethe Svinvik ordførar i Surnadal
Vi kunne ha starta dette intervjuet med noko om ordføraren som aldri kunne tenkje seg å bli ordførar , men det er ikkje så viktig . For da ho vart spurt om å stille til val som ordførarkandidat – sa ho ja . Og no har Margrethe
Svinvik sitte som ordførar i Surnadal kommune i litt over eit år , og det ville vi høyre litt meir om .
– Det er ikkje ei rolle du kan førebu deg til , fortel ho med eit smil . – Det er ikkje ein dag som er lik neste . Så , eg må ta dag for dag , og lite på gode folk i rundt meg og at vi saman finn gode løysingar . Ho beskriv ordførarrolla som spennande og interessant , men heilt annleis enn tidlegare jobbar ho har hatt . – Du skal vere eit slags knutepunkt , som skal vere samlande , og samstundes halde oversikten og sjå framover . Heldigvis møter eg på så mange dyktige folk som både vil og kan . Dei er det viktig å sjå . Eg likar å tru at om vi knyter folk saman og på tvers får vi til meir .
Margrethe er glad ho har leiarerfaring frå før og ser at det har vore av høg verdi for ho . Ho er likevel tydeleg på det at ein skal korkje undervurdere eller overvurdere ordføraren si rolle . – Mange kunne vore ordførar . Eg hadde vore med i politikken lenge , og hadde ikkje lyst , men da eg vart spurt såg eg at eg hadde kompetanse , kvalitetar og eigenskapar som eg sjølv òg ville verdsett i ein ordførar . Og eg veit at det ikkje er så lett å få folk til å stå på liste .
Aktiv lokalpolitikar i fleire år . Margrethe har vore aktiv i lokalpolitikken over fleire år og har ingen ambisjonar utover det . Det har vore hennar dugnadsarbeid . – Det er mitt bidrag til lokalsamfunnet , der andre er aktive i idrettslag eller kulturliv , har eg bidrege som lokalpolitikar . Eg er glad for å kunne vere med og bidra . Og så er det ei enorm tillitserklæring å få lov til å vera ordførar .
– Eg er takksam for alle som kjem bort til meg og fortel at dei er glad for at eg er ordførar , og at dei tykkjer eg gjer ein god jobb . Eg trur at eg er ei slik som folk kan kjenne seg att i .
Margrethe er oppteken av at det skal vere mogleg å kjenne seg att i politikarar , at det er vanlege folk med ulike erfaringar og at det skal vere rom for å gjere feil . – Eg tenkjer mykje på at det presset som politikarar opplever i dag kan gjere at vi ender opp med politikarar vi ikkje vil ha . Dei som er drilla og polert inn i rolla som politikarar , langt frå det verkelege livet og vanlege folks erfaringar .
Ordføraroppgåva er ikkje ein 9-4-jobb . Sjølv om lokalpolitikarar ikkje kjenner på det same presset , som stortingspolitikarar og andre som deltek i politikken nasjonalt , er det ikkje slik at Margrethe berre kan ta av ordførarkjeda og kopla ut ordførarrolla . – Ordførar er du heile døgnet , heile året og alle stader , eg blir aldri heilt privatperson . Sjølv om eg til dømes har ein privat facebookkonto vil eg ikkje kunne poste kva som helst og seie det var meg privat .
Så korleis greier ho å hente seg inn att frå ein krevjande kvardag som ordførar . – Eg koplar sjølvsagt godt av om eg er saman med familien min og vener , men om eg får vere heilt åleine spring eg meg gjerne ein tur med høg musikk på øyra . Ein lang fjelltur åleine er ikkje noko for meg , da må eg ha selskap , fortel ho leande .
Optimistisk for framtida og befolkningsutviklinga . Året 2020 går mot slutten , eit vanskeleg og annleis år for mange . Spesielt med tanke på pandemien , som ikkje er over enno . – Alle gjer ein stor innsats . Det har vore lagt ned mange timar med grundig og godt arbeid . Og vi kan vere stolte av handteringa her i kommunen . Det at vi har så lite smitte og god kontroll er mykje takka vere innbyggjarane flest , alle bedriftene og dei tilsette rundt om i heile kommunen . Men det er ikkje berre pandemi og mørketid . Det er mykje positivt som skjer i Surnadal og det er bra fart i næringslivet i kommunen . – Det er love å løfte fram det som er bra , sjølv i ei vanskeleg tid . Kanskje er det faktisk ekstra behov for det i vanskelege tider , slår Margrethe fast . Margrethe opplever at det trass alt er stor optimisme i næringslivet og blant folk flest . – Surnadal er rikt på alle vis . Eg er optimist for framtida og befolkningsutviklinga . Vi er ikkje så pessimistiske som SSB , som snur fort i spådommane sine . Sist var det befolkningsvekst og no er det altså omvendt . Det er vi som skapar framtida i Surnadal . Vi kan alle vere med å påverke utviklinga .
Eit rikt Surnadal , også i framtida . – I framtida blir det kanskje verdifullt og rekna som rikdom det vi har her i Surnadal , med nærleiken til naturen og alt av tenester og servicetilbod , matjorda vi har , at det er passe stort , men lite nok til at det kjennes trygt . Kanskje vil fleire folk som bur i byane sjå verdien av å bo landleg . Eg meiner at vi har mange gode grunnar til å oppfordra ungdommane våre til å kome tilbake etter avslutta skulegang . Ho meiner det finst moglegheiter for alle i Surnadal , uansett om du er fagarbeidar , universitetsutdanna , kreativ eller gründer . – Den digitale utviklinga er kanskje med å hjelper oss òg , til dømes med at arbeidsplassen ikkje treng å vere der arbeidsgivaren din er . Som ordførar er det spennande og sjå kva det er folk vil ha framover – kva er viktig for folk , ikkje berre i dag , men i framtida ? Kva er dei framtidige behova for lokale service- og tenestetilbod ? Kva skal vi jobbe med ? Det er eg nysgjerrig på å finne ut , avsluttar ho .
SURNADAL VINTER 2020 / 21 8