Amfi Kreativ Vintermagasin Surnadal 2020 | Page 43

Nisjebutikk i Surnadal

Det er ikkje for alle å drive nisjebutikk . Det er ei tøff tid for lokale , mindre butikkar over heile landet . I tillegg kom Covid-19 som ein tsunami og la heile landet aude ei stund . Vi tok ein prat med gründer og drivar av Trollheimen Sysenter , Ildri Tørset , for å høyre korleis det er å drive nisjebutikk i Surnadal .
– Eg klorar meg fast , fortel ho . Det meste stoppa opp da heile Norge omtrent vart stengt over natta , og handelen er ikkje oppe på normalt nivå att enno heller . Ildri reiser til vanleg rundt på messer og treff . No har det meste av slikt vore avlyst , og sommaren vart ikkje slik ho håpa . – Om sommaren kjem kundar frå heile landet , mange av dei planlegg ferieturen sin slik at dei tek turen innom butikken . Slik vart det ikkje i år , seier ho . Da gjeld det å omstille seg og tenkje nytt . – Eg sauma smittevernfrakkar til kommunar , tannlegar , fotterapeutar , det vart sikkert 250 frakkar til slutt , fortel ho .
Starta i det små heime med å selje symaskiner . Så åt det berre gradvis på seg . Frå å ha mest produkt knytt til lappeteknikk , utvida ho etter kvart sortimentet til å tilby produkt til maskinbrodering og no har ho ein stor butikk i miljøgata . Ildri er utdanna farmasøyt og arbeidde som det i mesta 30 år før ho skifta beite og satsa for fullt på butikken i desember 2015 . I starten gjekk salet litt tråare . Det var først da butikken voks seg ut av heimen og ho , etter eit kort opphald på Syltbakken , flytta til dei noverande lokala i miljøgata , at interessa og besøket eksploderte – Det at eg heldt på heime var nok ei barriere for folk flest , fortel ho . Når vi er innom har ho akkurat kome i orden etter ei omgjering av lokala , som no har vorte lysare og trivelegare , og utvalet ser det ikkje ut til å vere noko i vegen med . Det er fargerike stoffar , trådar , klede og ikkje minst ei stor utstilling av symaskiner . Det er ikkje nokon tvil om kva for ein butikk du er komen inn i , og Ildri tek vel i mot oss med ein stor kopp kaffe .
Ho har kundar frå heile regionen som kjem innom butikken , i tillegg til at ho har nettbutikk . Men konkurransen frå dei større nettbutikkane og kjedene er hard . Det handlar ikkje berre om pris , men og om at folk er vant med eit heilt anna utval og at alle varene er på lager når dei vil ha dei . – Men det skal seiast , vi som driv med sying sjølv har ein heilt annan kompetanse , og kan vere med å rettleie kundane slik at dei får den riktige maskina til sitt bruk og behov . Det er viktig , seier ho engasjert . Og med eigen verkstad og servicemann kan ho i tillegg tilby service på maskiner til kundane .
Aktivitet i butikken . Kvar torsdag har dei sy-kaffe . Dei er ein fin gjeng som møtes og dei både syr på maskin , broderer og strikkar . – Eg ønskjer å samle folk og skapa eit miljø , seier ho . Ho arrangerer og kurs , sjølv om no har det ikkje vore så enkelt å arrangere kurs ei stund , men ho tenkjer å gjennomføre kurs på nett etter kvart . Spesielt innan maskinbrodering ser ho eit behov for kursing . – Du kan kjøpe deg ei bra maskin og få det til , men for å få til eit godt resultat har du behov for rettleiing , seier ho . Og her er Ildri rette person å spørje . Trollheimen Sysenter er kjent på landsbasis for broderimaskinkompetansen og kunnskapen . Broderimaskiner er langt meir avanserte enn vanlege symaskiner , og ho ser ein klar fordel med at ho driv med det sjølv og ikkje berre sel maskinene .
Tida strekk ikkje til . Ildri ønskjer å tilby eit alternativ til bruk og kast-kulturen . Derfor tek ho på seg å reparere plagg , og ho tek på seg litt oppdrag med å sy klede på bestilling . No har ho og satsa meir på broderi for firma som ønskjer logo på ulike stoff og klede , og det ser ho for seg at det berre blir meir av framover . – Vi har hatt fleire bestillingar , men eg trur ikkje alle veit at vi driv med det enno . Ho har fleire planar og idear , men , som sikkert fleire sjølvstendig næringsdrivande , saknar ho fleire timar i døgnet .
– Dei fleste trappar ned når dei blir 60 , eg trappa opp , fortel ho leande . Men ho innrømmer at det er tøft . Det er ikkje berre å ta fri frå jobben , og ein blir lei av å berre diskutere med seg sjølv . Men ho har ikkje noko ønskje om å bli kjempestor , ho vil drive ein nisjebutikk med god service og eit brukbart utval . Sjølv har ho nok stoff , garn og maskiner til ho blir 150 år , så fritidsproblem får ho ikkje med det første . – Det er ganske utruleg at det har gått så bra å drive nisjebutikk i Surnadal , seier ho med eit smil .
SURNADAL VINTER 2020 / 21 43