SUSU-PROGRAMMET
SUNNDAL-SURNADAL
– saman for ein døgnåpen region i vekst
Fra venstre:
Per Helge Malvik,
Karin Halle, Kim Stian
Bråstad, Anne Gulla
Hagen,
Harald Bredesen,
Mette Sæter Ormset
SuSu-programmet er eit kommunesamarbeid om næringsutvikling i Sunndal og Surnadal, med mål om å
auke folketalet og talet på arbeidsplassar, samt å utvikle regionen som ein felles arbeids-, bo- og sørvis-
region, ein såkalla ABS-region.
Prioriteringane våre mellom 2018 – 2021
Næringslivet i Surnadal og Sunndal er allereie
i vekst med betydeleg verdiskaping og ikkje
minst utviklingsvilje, men ein ferjefri Todals-
fjord er viktig og vil kunne bidra til vidare
vekst og utvikling i regionen vår.
tilskot til ulike bedriftsretta tiltak dei sjølv
ønskjer å setje i gang. Vi arbeider og for å
styrkje etableraroppfølginga. Både Surnadal
og Sunndal har godt kvalifiserte rådgjevarar,
som hjelper etablerarar i startfasen. Rådgje-
vinga skjer mellom anna gjennom personlege
møter og via plattforma hoppid.leanbusiness.
Plattforma er utvikla av hoppid.no, Møre og
Romsdal fylkeskommune .
Vi har ei heil rekkje med konkrete tiltak vi
arbeider med. Å styrkje regionen som
arbeidsmarknad er eitt av dei. Det gjer vi
gjennom å leggja til rette for møteplassar og
ulike omdøme- og rekrutteringstiltak. God
regionutvikling skjer gjennom samspel
mellom aktørar og gjennom kompetanse-
utvikling. Kva skjer?
Hausten 2019 starta SMB-utvikling opp. Der
om lag 20 bedrifter frå begge kommunane
deltek. Dette er eit av utviklings- og vekst-
programma til bedriftene.
Dessutan har vi ulike utviklings- og vekstpro-
gram til bedriftene. Samstundes kan
bedriftene, gjennom heile året, søkje om Vi ønskjer å styrkje regionen som arbeids-
marknad, og har fleire aktivitetar gjennom
heile året. Neste store arrangement er
SuSu:Arena, som blir arrangert for andre
gong, denne gongen i Sunndal Sportshall
23. januar 2020. Dette er ei satsing på re-
kruttering gjennom entreprenørskapsarbeid.
Denne dagen samlast blant anna bedrifter,
opplæringsinstitusjonar, opplæringskontor,
skular og kulturskular, for å bli betre kjent
med kvarandre og for å sjå nærare på kva
moglegheiter som finst i regionen vår.
For meir informasjon om SuSu-
programmet, og kva som skjer fram-
over, sjekk ut den nye heimesida vår:
susu.no
9