Lyset i bakken på kveldstid
har vorte eit varemerke
for bygda vår.
Velkomne til
vinterbygda Surnadal
Lokalt næringsliv i Surnadal har igjen teke
initiativ til eit samarbeid om eit felles
magasin for heile kommunen, til glede for både
besøkande og vi som bur her. Eg håpar du tek
deg tid til å bla i magasinet og sjå kva dei ulike
bedriftene har å tilby.
Mange av bedriftene våre nyt stor respekt og er anerkjente, både
nasjonalt og internasjonalt. Vi skal vere stolte av å ha eit så allsidig
og framoverlent næringsliv i bygda vår. Tanken bak magasinet er å
inspirere deg til å bruke lokale bedrifter, legge julehandelen i år til
eiga bygd, og samtidig la deg overraske over kor mange tilbod som
finst her. Eg tykkjer spesielt det er gledeleg at det er så stor aktivitet på kultur-
fronten, både i sentrum og i grendene. Du kan ta ein kikk på aktivitets-
kalenderen inne i magasinet, så får du eit innblikk i kva som skjer gjen-
nom heile vinteren. Eg blir rett og slett glad over å sjå alt dugnadsar-
beidet som blir lagt ned, og det breie spekteret av arrangement vi har.
Alt dette bidreg til at Surnadal blir ein rikare kommune å bu i.
Surnadal har noko å by på for alle. For dei yngste av oss, er kanskje
vinteren den beste årstida. Det å sjå at snøen kjem og formar natu-
ren til ein kjempestor leikeplass for ski, akebrett og snømenn, er like
magisk kvart år. Om du ønskjer å ta med familien ut på tur, eller berre
vil ut på ein rask trimtur åleine, har vi milevis med oppkøyrde løyper å
velje mellom. Er du av typen som likar best turar med toppturski, har
vi og mange fine turmål. Treng du inspirasjon, må du lese turtipsa frå
Olav Rønning i dette magasinet. Noko som er verdt å bite seg merke i er at Vårsøghelga tjuvstartar
neste år med ein konsert i Stangvik kyrkje allereie i slutten av mars.
Det er sjølvaste Åge Aleksandersen og Trondheimsolistene som tek
turen, det vil eg anbefale alle som kan til å få med seg.
Når mørketida set inn, er det og mange som retter blikket mot alpin-
bakken vår og gleder seg til sesongstart. Snøkanonane startar opp så
snart kuldegradane viser seg og lyset i bakken på kveldstid har vorte
eit varemerke for bygda vår.
Surnadal er ein flott kommune å bu i og besøke. Eg håpar alle støtter
opp om lokale butikkar og tenestetilbod, deltek i aktivitetane som finst
her, og er stolte av bygda vi bur i. Eg ønskjer dykk ei riktig triveleg
lesestund.
Beste helsing
Margrethe Svinvik , ordførar
2