leve
Her er det godt å
Surnadal er ein god kommune å bu i. Eit aktivt næringsliv byr på
spennande jobbar, vi har full barnehagedekning, gode fritidstilbod for
barn og vaksne, og flott natur med fantastiske turmoglegheiter heile
året.
Surnadal er ein stor kommune (over 1300 km²), med mange
grender. Ei av grendene er Nordvik, ved Todalsfjorden sørvest i kom-
munen. Nordvik er ei aktiv og inkluderande grend i vekst. Her finst
mange barnefamiliar, og bebuarane har eit godt samhald. Med
panoramautsikt over fjorden, er Nordvik ei perle, med eit roleg og
fredeleg miljø, men med kort veg til alt.
Drøymer du om å bu ved sjøen? Da finn du kanskje tomta du lengtar
etter i det nye bustadfeltet på Nordvik. Tomtene ligg på Øygarden med
gode solforhold og nærleik til idyllisk strandsone. Bustadfeltet inklu-
derer felles leikeplass for ungar. Det er planlagt småbåthamn med
sosial samlingsplass for eit aktivt sjøliv.
Her har du flotte turområde rett utanfor døra. Det er kort veg til
høgfjell i Trollheimen og alpinsenter i Surnadal sentrum. Det tek
8 minutt å køyre til skule og barnehage, og 15 minutt til Surnadal
sentrum med kulturhus, idrettsarenaer og eit breitt handels- og
servicetilbod.
Øygarden bustadfelt, Nordvik
Tomter: Totalt 15 tomter (3 er selde).
Tomtene er romslege (ca. 1.200 m²) og ligg på eit relativt flatt platå.
Det er høve til å bygge vertikaldelte tomannsbustader på tomtene.
Det er forkjøpsrett på tomt B14 til bygg med leilegheiter. Eit privat
hyttefelt er planlagt nedanfor bustadfeltet. Pris: Frå kr 564 000.
Det finst også ledige tomter i desse bustadfelta i Surnadal
kommune:
Nedre Surnadal: Svartvassområdet (privat felt), Grimsmomarka,
Nistutrøa, Vassendmarka, Stormyra 1 og Glærem. Holtamoan i
Øvre Surnadal, Bølandet i Bøfjorden, Gjerdahaugen i Bæverfjord,
Flathauan i Todalen, Stenbergsgeilen på Melhus, Tromyrhauan i
Stangvik og Kråkhaugen på Kvanne (privat felt).
På kommunen sine nettsider finn du meir informasjon om desse
tomtene.
Vil du kjøpe tomt, eller treng du meir informasjon?
Kontakt avd. for areal- og naturforvalting,
Surnadal kommune v/Håvard Stensønes
Tlf. 979 78 216 E-post: [email protected]
surnadal.kommune.no
6
Surnadal kommune