Vintervegen
Det går ein veg gjønnå vinterlandet,
der han he gått frå gammel tid.
Og frå di vegja der både kan eg
og vil eg sjå litt på bøgda mi.
Iblant så e ho meg kanskje kjerast
når sola blenkje i skog og kratt.
Men lell så trur eg ho kjem meg nerast
ei klår og rimpynta vinternatt.
Når månin stig over baklibrona
og lyse, sølvblank og fin og foill,
da søng det inni meg, rare tona,
og ord så glitra og skin så goill.
Da sjer eg bøgda med nye auå
og hørre slikt så eg trudd va glømt.
Da stig ein jø inni svarte hauå
frå tuss og hulder og troll og skrømt.
36
Det går ein veg gjønnå vinternatta,
ein veg eg oftå he vandra på.
Eg trur det e berre få så fatta
kva den så går slik ein veg får sjå.
Når isen blått oppi bergå blenkje,
og skuggan kvile kring kvart eitt tre,
det e så fint du lyt slutt å tenkje,
og berre ga der og varra te!
Jørgen Gravvold