God vinter
til alle lesarar av magasinet!
Etter ein heilt fantastisk fin sommar, er vi
i gang med advent, solsnu, jul, vinterferie
og snøleik. Bilen, eller sykkelen, har vinter-
dekk og er klargjort til den kalde årstida.
Fleire og fleire har forresten el-bilar, og du
veit vel at vi har ladestasjonar for el-bilar
både ved Svorka og på Amfi?
14. oktober er frå gamalt av første vinterdag. Det seiest at vinteren blir slik som veret er dette datoen.
Surnadal var landets varmaste stad den 14. oktober, så det kan tyde på at vi får ein mild vinter. Bra vi har
snøkanonar i Sæterlia, slik at vi kan produsere snø for dei som vil boltre seg i alpinbakken vår. Skileik og
skisport er ein attraktiv aktivitet blant både unge og eldre, og det ser ut som det berre aukar på. Da er det
bra vi har så gode turmulegheiter, godt utbygd løypenett rundt om, StikkUt ski, Barn i løypa og andre
aktivitetar. Her er det berre å ta for seg av vinterleg artigheit for store og små.
Vinteren gir også rom for andre aktivitetar i kvardagen. Det er viktig å finne dei gylne augeblikka og den
rolege stunda i ein travel kvardag. Trivst ein heime i sofaen med eit pledd og ein varm kopp kaffe eller te, så
skal ein ikkje ha dårleg samvit av den grunn. Heller ikkje om vi nyt eit godt måltid med gode vener på ein av
Surnadals mange matplassar i staden for å springe opp liene. I år har det dukka opp fleire ny-
etableringar i serveringsbransjen. Eg nemner Lerkebakken Klippekafe i Bøfjorden, der du kan få både frisør-
time og heimekoseleg kaffe- og kakeservering. På Nordvik og i Svinvika satsar Slettneset Steinovnsbakeri
og Svinvik Gard på mat og turisme. Her kan vi som er surnadalingar vere kortreiste turistar, medan andre
kjem langvegs frå for opplevinga.
I Surnadal har næringslivet vårt samarbeidd og fått til dette vintermagasinet. Eg håpar magasinet vil vere til
inspirasjon for lesarane, for tanken er at det skal vise mykje av den gode aktiviteten i kommunen vår.
Når eg sit og skriv dette, får eg verkeleg lyst til å besøkje det meste av butikkar og etablissement her.
Eg håpar de også får det, og nyttar vinteren til å oppleve det vi har av teneste- og handelsnæring her lokalt.
For ikkje å gløyme alt som dei frivillige laga og organisasjonane står bak av gode tiltak, underhaldning og
arrangement. Surnadal kulturhus har mykje å by på, i tillegg til at det blomstrar i kulturlivet ute i grendene
våre.
Her skal vere noko for ein kvar smak, om det er teater og revy, song og musikk, idrett og friluftsliv,
frivilligheit og omsorg, eller noko anna, så skal du sjå at tilbodet fins her lokalt. Mykje av det Surnadal kan
by på kan du lese om i dette vintermagasinet.
Kos deg med magasinet!
Beste helsing
Lilly Gunn Nyheim
Ordførar i Surnadal kommune
2