Amfi Kreativ Stjernenatt | Page 15

Vinterbygda Surnadal I Surnadal finn du skigleda, same kva nivå ferdigheitene ligg på. Med eit breitt tilbod til fjells, i alpinbakken og i lang- rennsløypene, blir vinteren årets finaste tid for mange. Skiglede i Surnadal Surnadal Alpinsenter: 1750 m heistrekk, 4500 m med nedfartar (3000 m er lyssett). Oppkøyrte langrennsløyper: Nordmarka, Vang/Kvanne, Øvre Surnadal, Todalen, Settemsdalen, Vindøldalen – og andre destinasjonar dersom snøforholda er gode. Stikk UT! Ski, turmål Garthøglia, Nordmarka Klåberget, Kvanne Løålikjølen, Nordmarka Magretlia, Nordmarka Tjønnmyran, Todalen Øygardshalsen, Kvanne (3,5 km) (3,4 km) (5,2 km) (2,9 km rundtur) (1,6 km rundtur) (1,7 km) I vinterparadiset Surnadal Alpinsenter i Sæterlia, er det vinter frå desember til april i eit godt år. Alpinsenteret har kunstsnøanlegg og er derfor svært snøsikkert. Med 4,5 kilometer med nedfartar av ulik vanskegrad, er bakken eit familieanlegg som passar for alle. Ein del av bakken inneheld ein snøpark med hopp, rails og utfordringar for dei tøffe, og nedst i anlegget finst det også langrennsløype for barna. Frå alpinbakken kan du også ta ut på topptur. Både Syltnebba og Strengen er populære turmål herifrå, som er over- kommelege turar for mange. Om du tek heistrekket opp, får du starta turen med drahjelp opp dei første, bratte liene. Strengen er flott å gå til frå Vang på Kvanne også. Herifrå kan du dessutan nå to Stikk UT! Ski-mål, Øygardshalsen og Klåberget. For dei med randoneeutstyr eller andre fjellski, finst det nesten ingen grenser for tur-val. Mange fjelltoppar i kommu- nen er fantastisk flotte å besøke med ski under føtene – eller på truger, for den som har sansen for det. Surnadal er også eit mekka for den som likar seg best på bortoverski. Ut frå Nordmarka Skisenter går det mile- vis med oppkøyrte løyper, og på sjølve skisenteret er dei fleste løypene lyssett. Også i Øvre Surnadal, Todalen, Settems- dalen og på Vang finst det lysløyper. Tips! APPEN SKISPORET fortel deg når løypene frå Nordmarka og Vang sist var oppkøyrte. Finn vinterstemning og god glid i surnadalssnøen i vinter – god tur! Surnadal kommune 15 15 Besøk stikkut.no for meir informasjon.