Amfi Kreativ Sommermagasin Surnadal 2020 | Page 4

EIN LOKAL DUGNAD med globale konsekvensar I skrivande stund så er vi i ferd med å opne samfunnet etter at myndigheitene innførte dei mest inngripande restriksjonane sidan krigen. Kommunen sette krisestab i midten av mars, og vi har opplevd ei uverkeleg tid. Ein liten ubedd gjest banka på døra og førte til utryggheit for absolutt alle. Vi står no midt i vår kanskje viktigaste dugnad sidan krigen, der evna til å møte ein felles trussel blir testa. Koronaviruset kan potensielt slå ut heile samfunnet ved at svært mange blir sjuke samtidig, og at helsevesenet ikkje greier å hjelpe dei sjukaste. Difor har vi sett inn tiltak som både skal avgrense og utsette smitte. Nyheitsbildet viser at flyplassane er bortimot tomme, mange i hotellnæringa er permitterte, og kulturlivet er hardt ramma. Her lokalt fortel kulturaktørar at dei hadde fullbooka kalender fleire månader framover, men på nokre timar vart dei tomme. Dette er dramatisk, men vi ser at med strenge tiltak så kan vi raskare komme tilbake til ein ny normalsituasjon. Slike kriser utfordrar samfunnet si berekraft. Har vi eit bere- kraftig næringsliv, kva med matproduksjon, vassforsyning, helsetenester, eller utdanningssystem? Surnadal kommune har invitert næringsliv og innbyggjarar til ein felles innsats for å nå FN sine 17 berekraftsmål. Eg er glad for at næringslivet tek dette på alvor, og mange har i årevis arbeidd med miljø- og klimavennlege løysingar som vi alle kan lære av. Kva er berekraft? Eg tenkjer at berekraft er den krafta eller styrken vi viser gjennom godt samarbeid, vår kunnskap, vårt fotavtrykk, våre val, som i sum skal føre til at jorda vår blir ein betre stad for alt liv. Ein lokal dugnad med globale konse- kvensar, og denne våren er dette viktigare enn nokon gong. Vi i Surnadal har klart oss bra gjennom krisa med tanke på antal smittetilfelle og utfordringar for helsevesenet. Verre har det vore for delar av det lokale næringslivet. No er det tid for å støtte opp om lokale bedrifter og sørge for at dei kjem seg gjennom dei neste månadene på best muleg vis. Som ordførar vil eg arbeide for at Surnadal skal ha sterke lokale bedrifter, både dei små og store. Det er plass til alle. Til det beste for oss alle. 4 Handelsbedriftene har opna opp att, og alle tek smittevern på største alvor. Det skal vere trygt å besøke lokale butikkar her i Surnadal. Butikkane har også det aller meste av det vi treng, så eg vil oppfordre alle til å handle lokalt i staden for å reise til byane rundt oss. Vi går mot ein sommar der mange må endre ferieplanane sine. Heldigvis det er svært mykje å oppleve på kortreiste turar i nærområdet vårt. Blir du turist i eigen kommune, med ein lokal shoppingrunde og besøk på ein av dei mange spise- stadane våre, vil du møte varme smil og ei service- innstilling du skal leite lenge etter. Vi treng noko å sjå fram til og glede oss over, og sjølv ventar eg berre meir og meir på vår og sommar kvart år. Å kjenne sola som varmar og sjå at det spirar og gror, gjer at eg sjølv også får meir energi. Eg brukar å planlegge prosjekt både innomhus og utomhus. Erfaringsvis går denne tida fortare enn ein trur, så det blir ofte berre med planane før eg tenkjer at eg skal gjere det neste sommar. I år er konfirmasjonane utsett til august og september. Eg har to konfirmantar og da trengs det ein ekstra innsats med å få på plass bunad, finsko, dress og anna utstyr. Selskapslokale skal ordnast og maten planleggast. Russetida vart også utsett, og ho eg har i hus har planlagt i lang tid saman med gode venner korleis alt skulle klaffe med russedåp, russebil, arrange- ment og samlingar for at russetida skal bli eit minne for livet. Slik vart det ikkje i år. Det vart feiring, men på ein annan måte. Denne våren vart det meste annleis. Alt vart sett på vent. Diktet «Vårsøg» av Hans Hyldbakk vart skrive i 1945 mot slutten av andre verdskrigen, der «våren» symboliserer fri- gjeringa. Vi har stått samla i kampen mot koronaviruset og for å vere sterke må vi vise omsorg og hjelpe kvarandre. Eg vel å avslutte med eit vers frå Vårsøg med ønske og håp om at sommaren blir fin, med gode kvardagar og feriedagar. «Å du, og du, kår sårt å sælt e stoinna, når sola skin frå kvite høgdå ne. Da væt e vår`n han e kje lenger oinna at e får levva slik ein sommar te.» Takk til alle for dugnadsinnsatsen! Surnadal, 12. mai 2020 Margrethe Svinvik , ordførar