Aktiviteter i Surnadal 2022 | Page 3

Foto : Visit Northwest , Oda Halle - Bjøråskaret

KVA HAR DU LYST TIL ?

Prøve noko nytt ? Kanskje engasjere deg i noko som er større enn deg sjølv . Finne din gjeng og føle på fellesskap . Gjere noko som får blodet til å bruse . Få utløp for ei glødande interesse . Leike meir og finne på nokre kreative sprell i kvardagen . Køyre på med høg puls og meistringsglede .
– Bli med i eit lag eller ein organisasjon !
Her finn du ei oversikt over det Surnadal har å by på , og om du ikkje finn di nisje , er det kanskje du som blir drivkrafta attom noko nytt ? Bygda hadde ikkje vore den same utan alle dei frivillige som gjer at lag og foreiningar blomstrar .
AKTIVITETAR I SURNADAL 3