Lokale badeperler
Varme sommardagar nyt ein best i vasskanten , og det er mange fine badeplassar i Surnadal . Den mest kjende er nok Kalkstranda , men den som leitar finn langt meir å dyppe føtene i . Her er det mange badeperler om ein berre utforskar litt .
1
Kalkstranda
Den svært populære Kalkstranda er kanskje bygdas badeplass nr . 1 i Surnadalsfjorden . Med kritkvit strand ligg den idyllisk til ned mot Surnadalsfjorden . Her badar folk heile året , men det er utvilsomt sommaren som er høgsesong - naturleg nok . Området er godt tilrettelagt med parkering , badeflåte , volleyballbane , bålplass og toalett .
Om sommaren er det også muleg å kjøpe mat og drikke frå lokale matvogner .
2
9 10 11