Foto : Marit Elin Eid
Husk å laste ned Stikk UT ! -appen .
I SOMMAR
Den er eit fint hjelpemiddel når du skal på tur .
Årets Stikk UT ! -sesong startar tradisjonen tru 1 . mai , og vil også i år by på flotte turmoglegheiter for fastbuande og besøkjande i Surnadal .
Sommartid er Stikk UT ! -tid ! Også i sommar kan du velje mellom 13 spanande turmål i Surnadal , fire av desse nye i forhold til fjoråret .
Turane er som vanleg av varierande vanskegrad og fordelt rundt omkring i kommunen slik at det skal vera turar å finne for alle , uansett treningsgrunnlag og bustad eller geografisk utgangspunkt .
Last ned Stikk UT ! -appen og finn turane som passar for deg ! Her finn du detaljerte turbeskrivingar , opplysningar om parkering og anna nyttig turinformasjon . God tur !
Sommarens Stikk UT ! -turar i Surnadal kommune :
Skarven
Enkel
380 Svinvikrunden 372 Kleiva 381 Toåa tursti 375 Mulneset 371 Kavlvegen kultursti 379 Svartvassparken 374 Langøya 370 Hyllrabben
Middels
373 Klåberget 378 Strandasetra 376 Sjøasetervatnet
Krevjande
369 Hjelmen 377 Skarven
stikkut . no Solnedgang på Mulneset . Foto Norunn Holten .