UTSTILLINGER
SØNDAGAR 1200-1700
TYSDAG – FREDAG 1100-1500
Klostersaum til folket, nål, tråd, kjærleik
– ei utstilling om broderi
Sted: Norsk Trikotasjemuseum, Salhusveien 201
Pris: 60 (film, omvising og utstilling), 30 berre utstilling / i døra
Arr: Norsk Trikotasjemuseum
Kva har broderiet som hobby hatt å seie for norske kvinner og menn, og kvar er det i dag?
Norsk Trikotasjemuseum har overteke bedriftsarkivet og tekstilar etter Gunnar Pedersen AS, ein
av dei store norske broderiaktørane i siste halvdelen av 1900-talet. Utstillinga viser tekstilar, foto
og mønster frå samlinga og trekkjer linjer til samtida. Gunnar Pedersen AS (1915-86) var ein av
dei fremste norske representantane for det kommersielle broderiet på 1900-talet. På denne tida
har broderiet blitt allemannseige, og vert selt gjennom brodeributikkar, veke- og mønsterblad.
Samlinga etter Gunnar Pedersen A/S er ei gullgruve av mønster, tekstilar og foto, med hovudvekt
på 1950–80-talet. I denne utstillinga har vi blant anna løfta fram 1970-talets store farsott,
klostersaumen, frå gløymeboka.
7